Er du interessert i å vera meddommar?

Klikk for stort bilete
Er du interessert i å vera meddommar til lagmannsretten, tingretten eller jordskifteretten – eller har du nokon kandidatar du vil foreslå? Les meir om krava og korleis du melder deg som kandidat under.

Dette er ei viktig samfunnsoppgåve, og det er ønskeleg at ein får ein brei representasjon av kommunen sine innbyggarar. Frist for å melda interesse for verv er 24. april 2020.

Sveio kommunestyre skal velja følgande:

  • 6 meddommarar til Gulating lagmannsrett (3 kvinner og 3 menn)
  • 16 meddommarar til Sunnhordland tingrett (8 kvinner og 8 menn)
  • 8 jordskiftemeddommarar til Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett

Sveio kommunestyre skal i tillegg foreslå til Vestland fylkesting

  • Ca. 6 kandidatar til skjønnsmedlemmer

Kven kan vera meddommarar?

Krava til kven som kan veljast til meddommar følger av domstolloven § 70. Personane må:

  • Ha tilstrekkelege norskkunnskapar.
  • Vera over 21 år og under 70 år når valperioden startar (1. januar 2021).
  • Ikkje vera frådømt røysteretten i offentlege saker.
  • Ikkje vera under offentleg gjeldsforhandling eller konkursbehandling, eller vera i konkurskarantene.
  • Vera folkeregistrert i kommunen.
  • Vers statsborgar i Noreg eller eit anna nordisk land, eller har vore folkeregistrert som busett i Noreg dei tre siste åra
  • Elles vera personleg eigna til oppgåva.

Utvala av meddommarar skal bestå av både kvinner og menn, jf. domstolloven § 64. Utvala skal ha ei allsidig samansetning, slik at dei best mogleg representerer alle delar av befolkninga, jf. domstolloven § 67.

Meir informasjon:

Meir informasjon om det å vera meddommar i tingretten eller lagmannsretten finn du her.

Meir informasjon om å vera jordskiftemeddommar finn du her.

Meir informasjon om å vera skjønnsmedlem finner du her. Det er fylkestinget som vel skjønnsmedlemmar, men Sveio kommunestyre skal melda inn kandidatar til Vestland fylkesting.

Vervet gjeld for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2024.

Er du interessert kan du senda ein e-post til politisk sekretær i Sveio kommune på bjarte.stolas.storli@sveio.kommune.no.