Folkerøysting – Endeleg resultat

 
Valstyret har gått gjennom førehandsrøystene og valtingsrøystene til folkerøystinga om fylkestilhøyrsle. 

Det dreier seg om førehandsrøyster som er gitt i perioden frå 1. desember til 7. januar, alle røyster gitt på folkerøystedagen 10. januar 2022, samt seint innkomne førehandsrøyster.  

Endeleg resultat frå valtingsrøystene (valting = folkerøystedagen) er som følger:

Vikse krins:

  • Vestland: 60
  • Rogaland: 127
  • Blanke: 0

Førde krins:

  • Vestland: 190
  • Rogaland: 57
  • Blanke: 1

Sveio krins:

  • Vestland: 252
  • Rogaland: 271
  • Blanke: 7

«Framandrøyster» (personar som har røysta i ein annan krins enn der dei er folkeregistrert):

  • Vestland: 31
  • Rogaland: 22
  • Blanke: 0

Totalt antal valtingsrøyster:

  • Vestland: 533
  • Rogaland: 477
  • Blanke: 8

Det førebelse resultatet frå førehandsrøystinga:

  • Vestland: 1015
  • Rogaland: 723
  • Blanke: 6

Seint innkomne førehandsrøyster og førehandsrøyster lagde til sides (les forklaring nedst i artikkelen):

  • Vestland: 6
  • Rogaland: 5
  • Blanke: 0

Totalt antal førehandsrøyster:

  • Vestland: 1021
  • Rogaland: 728
  • Blanke: 6

Endeleg resultat, alle valtingsrøyster og førehandsrøyster samla:

  • Vestland: 1554
  • Rogaland: 1205
  • Blanke: 14

I prosent av alle godkjente røyster: 

  • Vestland: ca. 56,0 %
  • Rogaland: ca. 43,5 % 
  • Blanke røyster: ca. 0,5 %

***

Det har vore mogleg å røysta via brevrøyst for personar folkeregistrert i Sveio, men busett andre stader i landet, eller i utlandet. Som ved ordinære val var fristen for brevrøyster at dei måtte ha komme inn til kommunen seinast kl. 17.00 dagen etter folkerøystedagen. Ti røystegivingar i konvolutt blei lagde til side for å teljast dagen etter folkerøystedagen saman med eventuelle seint innkomne brevrøyster (det kom inn éi brevrøyst). Endeleg resultat frå førehandsrøystinga, samt det samla, offisielle resultatet frå folkerøystinga, blir no presentert, då alle røyster no er talde.