Folkerøysting om fylkestilhøyrsle – Står du i manntalet?

Alle personar fødde i 2005 eller tidlegare og som var folkeregistrerte i Sveio kommune pr. 31. oktober 2021, har røysterett ved den rådgivande folkerøystinga om fylkestilhøyrsle. 

Står du i manntalet?

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røysta ved den rådgivande folkerøystinga om fylkestilhøyrsle. Du kan no undersøka om du står i manntalet i Sveio kommune.

Manntalet er utlagd i Servicekontoret på kommunehuset i Sveio sentrum. Manntalet blir liggande ute til og med folkerøystedagen måndag 10. januar 2022.

Etter vedtak i Sveio kommunestyre er det berre personar folkeregistrert i Sveio kommune pr. 31. oktober 2021 som har røysterett ved folkerøystinga. Dersom du blei folkeregistrert i Sveio kommune etter denne datoen har du dermed ikkje røysterett.  Røysteretten gjeld personar fødde i 2005 eller tidlegare.

Du kan velja om du vil røysta på folkerøystedagen eller om du vil førehandsrøysta. Du kan førehandsrøysta f.o.m. 1. desember 2021. Førehandsrøysting skjer i Servicekontoret på kommunehuset.

Klage til valstyret

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet som er utlagd, og du meiner dette er feil, eller om det er andre feil i manntalet, kan du klaga til valstyret og be om at dette blir retta.

Du må i så fall klaga så raskt som råd. Klagen skal vera skriftleg og grunngitt.

Ein eventuell klage skal sendast pr. e-post til postmottak@sveio.kommune.no (skriv «Klage til valstyret» i emnefeltet), ev. pr. post til Sveio valstyre, C/O Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio.

Meir informasjon

Meir informasjon om folkerøystinga finn du på temasida