Fugleinfluensa

Illustrasjonsbilde: Fugleinfluensa - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde: Fugleinfluensa

    

 

Det er eit stort utbrot av fugleinfluensa i Finnmark. Me veit også at smitten er på veg sørover.

Så langt har me fått inn informasjon om ein sjuk skarv i kommunen vår.

Funn av sjuke eller daud fugl bør kommunen bli varsla om, me ber me om at de sender informasjonen pr. e-post til; Postmottak@Sveio.kommune.no . Ein kan og ringe til Servicekontoret på 53748000 mellom 08.00 og 13.00

Ved funn av einskilde daud fugl, kan ein fjerna desse sjølve. Det er då viktig å bruke eingongshanskar, eller plastpose.  Ved fjerning av einskilde fuglar, skal dei leggjast i tett pose i hyttekonteinerar i kommunen.

Det er viktig å ikkje ta på sjuke eller daud fugl.

Me gjer også merksam på at ein ikkje bør ferdast der det er ein del villfugl.

Det kan kome endringar i korleis ein skal handtere situasjonen. Dette vil bli oppdatert på nettsida til Sveio kommune.

For meir informasjon om fugleinfluensa sjå heimesida til Mattilsynet.