Grønt nivå i barnehagar og skular


Regjeringa opphevar det nasjonale forskriftsfesta gule og raude tiltaksnivået som blei innført før jul. Trafikklysmodellen står, og Sveio kommune går for grønt nivå i barnehagar og skular.

Frå 15. januar 2022 oppheva regjeringa det nasjonale forskriftsfesta gule og røde tiltaksnivået som blei innført i skulen før jul. Trafikklysmodellen er vidareført frå regjeringa si side, og barnehagar og skular skal fortsatt drive smittevernfagleg forsvarleg. Det vil sei at ein som eit minimum skal drive på grønt nivå. 

Sveio kommune vurderer smittesituasjonen lokalt og har tatt ei avgjersle på tiltaksnivå i tråd med den. Sveio kommune innfører grønt nivå i barnehagar og skular frå og med onsdag den 18. januar 2022.