Høgt vassforbruk i Sveio


 Det er for tida høgt vassforbruk i Sveio kommune, og me ber alle om å sjekka anlegga sine. 

Vassforbruket i kommunen har dei siste dagane stige urovekkande mykje. Abonnentar av det kommunale nettet må sjekka utekranar, hytter og kjellarar. Me minner om at hovudkranen bør stengast dersom ein forlét hus og hytter i lengre periodar. 

Har du tips om akutte lekkasjer ber me deg ta kontakt med vakttelefonen for VA: 915 38 730

Elles minner me på at frosttapping ikkje er tillate. Gode tips for å unngå frosne røyr finn du her: Unngå frosne vannrør | Huseierne

Dersom vassrøyr blir frosne og/eller skada, ta kontakt med røyrleggar.