Høyring av nytt ordensreglement for grunnskulen

Høyring om nytt ordensreglement - Frist 1. oktoberFramlegg til ny forskrift om ordensreglement for grunnskulen i Sveio kommune blir med dette lagt ut til offentleg høyring. Høyringsfristen blir sett til 1. oktober 2022.

Vi tek sikte på å handsama ny forskrift om ordensreglement i siste møteserie i 2022, slik at ordensreglementet kan ta til å gjelda frå 1. januar 2023.

Dei fleste endringane er av redaksjonell art, og referansar til paragrafar i lover og forskrifter er oppdaterte i høve til endringar som har funne stad sidan gjeldande ordensreglement blei vedteke i 2017 og revidert i 2018. Både gjeldande ordensreglement og framlegg til nytt ligg som vedlegg.

Den viktigaste substansielle endringa er at vi gjer framlegg om å konkretisera reglane for bruk av elevane sine private mobiltelefonar og tilsvarande digitalt utstyr i skuletida.

Høyringsfråsegner kan sendast Sveio kommune på e-post til postmottak@sveio.kommune.no