Informasjon frå SIM - ny henteordning for glas- og metallemballasje

 SIM (SIM) - Klikk for stort bilete

Frå januar 2020 vert det innført ny henteordning for glas- og metallemballasje i SIM – kommunane. Den nye ordningane vil medføre ein auke i gebyret for abonnentane. For den minste dunken (140 L), utgjer auken 125 kroner per år, per abonnent. Prisen for ein 660 l. er 575 kroner per år

Det vil vera mogeleg å dele dunk. Som eit utgangspunkt har SIM lagt opp til at dei abonnentane som i dag deler papirdunk også har fått deling av glas – og metalldunk. Alle returpunkt for glas – og metall (igloar) vert fjerna. Det vil bli sett ut nye 660 l dunkar på enkelte returpunkt for hyttekonteinera. Desse er berre meint for hytteabonnentar. Oversikt over stadar vil bli varsla når lista er klar.

Ordninga startar i januar 2020, men sidan det er ein tømmefrekvens på kvar 8. veke så kan det vera at nokon ikkje får dunken tømt før i februar. Meir informasjon om ordninga vil kome i SIM-nytt, på tømmekalender, nettsider og SIM-app i løpet av hausten.

SIM vil starte å setje ut dunkar i løpet av september. Arbeidet vil halde fram utover hausten.

 

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 18.09.2019