Informasjon - kommunale gebyr 2.termin 2018

Foto Ida Kristin Vollum (4).jpg - Klikk for stort bilete

Eigedomsskatt og alle årlege kommunale eigedomsgebyr (inkl hytterenovasjon) vert fordelt på 2 terminar. Det er no mogeleg å få månadlege fakturaer på eigedomsskatt og kommunale gebyr.

Informasjon om månadlege fakturaer finn du her

Renovasjon:

Sveio kommune har tvungen renovasjonsordning og det er Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) som utfører renovasjonen i Sveio. Alle opplysningar om sjølve renovasjonsordninga, endring av bossdunkar, komposteringsavtalar mm får du ved å henvenda deg til SIM tlf. 53457850, epostadresse: sim@sim.as.

På heimesida til SIM www.sim.as finn du informasjon om både renovasjon og slamtøming.

Treng du ny tømekalender kan du m.a. skrive denne ut frå SIM si heimeside.

Dersom du har Smarttelefon kan du laste ned SIM appen som m.a. minner deg på å setje ut rett dunk til rett tid (Iphone: SIM – tømmekalender og Android: SIM tømmekalender).

Alle må betale grunngebyr sjølv om ein heimekomposterer eller deler dunkar med andre. 

Delt dunk (nabosamarbeid): Ein del husstandar går saman om å dela dunkar. Dunkgebyret er delt opp på kvar enkelt av dykk på fakturaen de får frå kommunen. Dunkgebyret er delt etter kor mange de er som deler dunk saman. De slepp difor ordne opp i dette sjølv.

Alle husvære skal ha dunkar eventuelt samarbeida om deling av dunkar. Dersom nokon manglar dette, ver venleg å ta kontakt. For husvære med hybel/leilighet skal det betalast 2 grunngebyr renovasjon.

9. april 2018 vart det innført ny renovasjonsordning i SIM-kommunane. I den nye ordninga vert det tømt slik:

  • Det vert henta restavfall og bioavfall 2. kvar veke
  • Det vert henta papiravfall og plastemballasje (i sekker) 4. kvar  veke.

Slamtømming:

Slamtøminga i Sveio kommune blir utført av SIM. Tøming av slamavskiljar skal gjerast  2. kvart år for bustadar og 4. kvart år for hytter. Slamgebyret blir fordelt over 1. og 2. termin det året det blir tømt. Det er tøming av septiktankar for bustadhus, hytter, naust osb. i 2019. Dersom septiktanken din vert full utanom vanleg tømerunde kan du henvende deg til SIM og bestille ekstratøming. SIM fakturerar deg direkte for denne tøminga.

Vatn / avløp:

Det er frå 01.01.04 innført eit 2-delt årsgebyr, abonnements- og forbruksgebyr for vatn og avløp. Abonnementsgebyret er ein fast del og blir rekna ut frå bruksareal pr. bygning/bustad. Forbruksgebyret er stipulert og dette fell vekk dersom ein installerar vassmålar. Då betalar ein for det faktiske forbruket.

Ein minner om at alle næringsbygg har krav om vassmålar jfr. Lokal forskrift. For andre bygg er det valfritt.

For driftsbygning på gardsbruk  skal det betalast 1/2 årsgebyr av eit vanleg bustadhus (abonnement- og forbruksgebyr) dersom ein ikkje betalar etter målt forbruk. 

Feiing / tilsyn med fyringsanlegg:

Forskrift om brannforebygging (FOR-2015-12-17-1710) stiller krav til feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Røykkanalar i fyringsanlegg som blir nytta til oppvarming av byggverk skal feiast ved behov. Likeins skal det ved behov førast tilsyn med fyringsanlegg som blir nytta til oppvarming av byggverk. Brannsjefen fastsét kva tid det skal feiast og kva tid det skal gjennomførast tilsyn med fyringsanlegget. Gebyret for ”Feiing/tilsyn med fyringsanlegg” er eit årsgebyr fordelt på to terminar. Det skal difor betalast årsgebyr òg for dei åra der feiing eller tilsyn med fyringsanlegg ikkje blir gjennomført. Normalt vil feiing bli utført annakvart år og tilsyn med fyringsanlegg fjerdekvart år.

Eigedomsskatt:

Eigedomsskattesatsen for  2018 er 2 promille. Sveio Kommunestyre vedtok eit botnfrådrag på kr. 700.000,-  gjeldande frå 01.01.2018.  Nye bustadhus har fritak frå eigedomsskatt i 4 år rekna frå ferdigattestdato.

Sjå www.sveio.kommune.no for meir informasjon om eigedomsskatt.

Eventuelle fritak:

Det kan gjevast fritak for renovasjon, slamtøming og feiing på heilårsbustad (gjeld ikkje hytter) dersom bustaden blir ståande tom over ein lengre periode. Det blir ikkje gitt fritak for slamtøming dersom det er tømt i søknadsåret.

Vil du søke om fritak - send skriftleg søknad til Sveio kommune v/servicekontoret, pb. 40, 5559 Sveio.

Skjema: Søknad om fritak for kommunale avgfiter (PDF, 212 kB)

Husk å gi tilbakemelding dersom bustaden blir tatt i bruk igjen.

Sveio kommunestyre vedtok i møte 11.12.2017, Sak 098/17, Kommunale gebyr for 2018. Desse er å finne under Renovasjon på Sveio kommune sine nettsider.

Dersom du lurer på noko vedr. fakturaen ta kontakt på tlf. 53 74 80 00.Førespurnad om eventuell betalingsutsetjing: Ver venleg å ta kontakt med økonomikontoret.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 12.10.2018