Informasjon - kommunale gebyr

Kommunehus - Klikk for stort bilete

Eigedomsskatt og alle årlege kommunale eigedomsgebyr (inkl hytterenovasjon) vert fordelt på 2 terminar. Det er nå mogeleg å få månadlege fakturaer på eigedomsskatt og kommunale gebyr. Informasjon om dette finn du på Sveio kommune si heimeside www.sveio.kommune.no under: Politikk, administrasjon og innsyn/Økonomi og skatt/kommunale eigedomsgebyr.

 

RENOVASJON:

Sveio kommune har tvungen renovasjonsordning og det er Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) som utfører renovasjonen i Sveio. Alle opplysningar om sjølve renovasjonsordninga, endring av bossdunkar, komposteringsavtalar mm får du ved å henvenda deg til SIM tlf. 53457850, epostadresse: sim@sim.as.

På heimesida til SIM www.sim.as finn du informasjon om både renovasjon og slamtøming.

 

Treng du ny tømekalender kan du m.a. skrive denne ut frå SIM si heimeside.

 

Dersom du har Smarttelefon kan du laste ned SIM appen som m.a. minner deg på å setje ut rett dunk til rett tid

(Iphone: SIM – tømmekalender og Android: SIM tømmekalender).

 

Alle må betale grunngebyr sjølv om ein heimekomposterer eller deler dunkar med andre. 

Delt dunk (nabosamarbeid): Ein del husstandar går saman om å dela dunkar. Dunkgebyret er delt opp på kvar enkelt av dykk på fakturaen de får frå kommunen. Dunkgebyret er delt etter kor mange de er som deler dunk saman. De slepp difor ordne opp i dette sjølv.

Alle husvære skal ha dunkar eventuelt samarbeida om deling av dunkar. Dersom nokon manglar dette

ver venleg å ta kontakt. For husvære med hybel/leilighet skal det betalast 2 grunngebyr renovasjon.

 

SLAMTØMING:

Slamtøminga i Sveio kommune blir utført av Svein Klungtveit AS på oppdrag frå SIM.

Tøming av slamavskiljar skal gjerast 2. kvart år for bustadar og 4. kvart år for hytter. Slamgebyret blir fordelt over 1. og 2. termin det året det blir tømt.

 

Det er tøming av septiktankar for bustadhus, hytter, naust osb. nå i 2019. Alle får varsel på SMS eller brev i posten før tøming.

Dersom septiktanken din vert full utanom vanleg tømerunde kan du henvende deg til SIM og bestille ekstratøming. SIM fakturerar deg direkte for denne tøminga.

 

Alle spørsmål angåande slamtøminga i tømeperioden skal rettast til Svein Klungtveit AS. 

  • Telefon kontor: 52 79 29 70
  • Vakttelefon: 982 35 151 (kan brukast heile året)
  • E-post: post@klungtveit.com

VATN/AVLØP:

Det er frå 01.01.04 innført eit 2-delt årsgebyr, abonnements- og forbruksgebyr for vatn og avløp. Abonnementsgebyret er ein fast del og blir rekna ut frå bruksareal pr. bygning/bustad. Forbruksgebyret er stipulert og dette fell vekk dersom ein installerar vassmålar. Då betalar ein for det faktiske forbruket.

Ein minner om at alle næringsbygg har krav om vassmålar jfr. Lokal forskrift. For andre bygg er det valfritt.

For driftsbygning på gardsbruk  skal det betalast 1/2 årsgebyr av eit vanleg bustadhus (abonnement- og forbruksgebyr) dersom ein ikkje betalar etter målt forbruk.

 

Vannmålaravlesinga for 2018 vert fakturert på denne første terminen i 2019.  

 

FEIING/TILSYN MED FYRINGSANLEGG:

Forskrift om brannforebygging (FOR-2015-12-17-1710) stiller krav til feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Røykkanalar i fyringsanlegg som blir nytta til oppvarming av byggverk skal feiast ved behov. Likeins skal det ved behov førast tilsyn med fyringsanlegg som blir nytta til oppvarming av byggverk. Brannsjefen fastsét kva tid det skal feiast og kva tid det skal gjennomførast tilsyn med fyringsanlegget. Gebyret for ”Feiing/tilsyn med fyringsanlegg” er eit årsgebyr fordelt på to terminar. Det skal difor betalast årsgebyr òg for dei åra der feiing eller tilsyn med fyringsanlegg ikkje blir gjennomført. Normalt vil feiing bli utført annakvart år og tilsyn med fyringsanlegg fjerdekvart år.

 

EIGEDOMSSKATT:

Eigedomsskattesatsen for  2019 er 2 promille. Sveio Kommunestyre har vedtatt eit botnfrådrag på kr. 900.000,- gjeldande frå 01.01.2019.  Nye bustadhus har fritak frå eigedomsskatt i 4 år rekna frå ferdigattestdato.

Eigedomsskattelista vert lagt ut til offentleg ettersyn innan 1. mars 2019. Eventuell klage på eigedomsskattetaksten må føreligge innan 20.04.2019. Sjå www.sveio.kommune.no for meir informasjon.

 

EVENTUELLE FRITAK:

Det kan gjevast tidsavgrensa fritak for renovasjon, slamtøming og feiing på heilårsbustad (gjeld ikkje hytter) dersom bustaden blir ståande tom over ein lengre periode(minst ein termin). Det blir ikkje gitt fritak for slamtøming dersom det er tømt i søknadsåret.

Det vert som hovedregel ikkje gitt fritak frå vatn og avløpsgebyr. Dersom det skal gjevast fritak for vatn og avløpsgebyr må hovedinntaket plomberast av autorisert røyrleggjar evt. må stikkledning fysisk koplast frå kommunen sin hovedledning.

Vil du søke om fritak - send skriftleg søknad til Sveio kommune v/servicekontoret, pb. 40, 5559 Sveio. Ein må søkje i forkant av fritaksperioden. Det kan bli gitt fritak i inntil 2 år. 1. termin er 01.01-30.06, 2.termin er 01.07-31.12.
Søknadsskjema finn du oppe til høgre på denne sida.

Husk å gi tilbakemelding dersom bustaden blir teke i bruk igjen.

 

Sveio kommunestyre vedtok i møte 17.12.2018, Sak 117/18,  Kommunale gebyr for 2019.

Desse finn de på Sveio kommune si heimeside www.sveio.kommune.no

Dersom du lurer på noko vedr. fakturaen ta kontakt på tlf. 53 74 80 00.

Førespurnad om eventuell betalingsutsetjing: Ver venleg å ta kontakt med økonomikontoret.

Publisert av Viktoria Lien. Sist endra 19.03.2019