Informasjon om fritak for kommunale gebyr – nye eller forlenging

Klikk for stort bileteDet kan gjevast tidsavgrensa fritak for renovasjon, slamtømming og feiing på heilårsbustad (gjeld ikkje hytter) dersom bustaden blir ståande tom over ein lengre periode (minst ein termin). Ein må søkje i forkant av fritaksperioden.

Det kan bli gitt fritak i inntil to år. Første termin er 01.01.–30.06., andre termin er 01.07.–31.12.

Det blir ikkje gitt fritak for slamtøming dersom det er tømt i søknadsåret.

Det blir som hovudregel ikkje gitt fritak frå vatn og avløpsgebyr. Dersom det skal gjevast fritak for vatn og avløpsgebyr må hovudinntaket plomberast av autorisert røyrleggjar, ev. må stikkleidning fysisk koplast frå kommunen sin hovudleidning.

Vil du søke om fritak – send skriftleg søknadsskjema til Sveio kommune v/Servicekontoret, pb. 40, 5559 Sveio eller til postmottak@sveio.kommune.no. Lenkje til meir informasjon finn du på følgjande side (søknadskjema øvst til høgre).

Ein må søkje i forkant av fritaksperioden. Det kan bli gitt fritak i inntil 2 år. 1. termin er 01.01.–30.06, 2. termin er 01.07.–31.12.

Dei som har fritak som går ut, må også søkje om fritak på ny i forkant av fritaksperioden.


Husk å gi tilbakemelding dersom bustaden blir teke i bruk igjen.