Informasjon om kommunale gebyr 2.termin 2024

Illustrasjon av Sveio kommunehus av Susann Haaland Karlsen  - Klikk for stort bileteIllustrasjon av Sveio kommunehus av Susann Haaland Karlsen

Årlege kommunale gebyr (inkl hytterenovasjon) vert fordelt på 2 terminar. Det er mogeleg å få månadlege fakturaer på kommunale gebyr. Sjå meir informasjon om månadlege faktura.

Sveio kommunestyre vedtok i møte 11.12.2023, Sak, 141/23, Kommunale gebyr 2024.  Sjå møteplan og saker for kommunestyret 11.12.23

Om du mottar varer eller tenester som ikkje står på fakturaen, må du gi beskjed til kommunen snarast.

Dersom du lurer på noko vedr. fakturaen ta kontakt på tlf. 53 74 80 00.
Førespurnad om eventuell betalingsutsetjing: Ver venleg å ta kontakt med økonomikontoret.

Dersom du lurer på noko om fakturaen, ta kontakt på med Sveio kommune på tlf. 53 74 80 00.

Renovasjon

Sveio kommune har tvungen renovasjonsordning og det er Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) som utfører renovasjonen i Sveio. Alle opplysningar om sjølve renovasjonsordninga, endring av bossdunkar, komposteringsavtalar m.m.,  får du ved å henvenda deg til SIM tlf. 53457850, epostadresse: sim@sim.as.

heimesida til SIM finn du informasjon om både renovasjon og slamtøming. Her finn du også tømmekalender.

Last ned SIM appen, Mitt SIM som minner deg på å setje ut rett dunk til rett tid, rask tilgong til sida Mitt SIM, informasjon om opningstider på SIM sine miljøsentralar m.m

Alle må betale grunngebyr sjølv om ein heimekomposterer eller deler dunkar med andre. 

Delt dunk (nabosamarbeid):

Ein del husstandar går saman om å dela dunkar. Dunkgebyret er delt opp på kvar enkelt av dykk på fakturaen de får frå kommunen. Dunkgebyret er delt etter kor mange de er som deler dunk saman. De slepp difor ordne opp i dette sjølv. 

Alle husvære skal ha dunkar eventuelt samarbeida om deling av dunkar. Dersom nokon manglar dette

ver venleg å ta kontakt. For husvære med hybel/leilighet skal det betalast 2 grunngebyr renovasjon.

Slamtømming:

Slamtøminga i Sveio kommune blir utført av Svein Klungtveit AS på oppdrag frå SIM. 

Tøming av slamavskiljar skal gjerast 2. kvart år for bustadar og 4. kvart år for hytter. Slamgebyret blir fordelt over 1. og 2. termin det året det blir tømt. Det var tøming av slam for bustadar og hytter mm i 2023. 

Dersom septiktanken din vert full utanom vanleg tømerunde kan du henvende deg til SIM og bestille ekstratøming. SIM fakturerar deg direkte for denne tøminga.

Alle minirenseanlegg og slamtankar/tette tankar som har årleg tøming, vil frå 01.01.2020 få faktura på tøming frå kommunen. Tidlegare er denne blitt sendt ut frå SIM men pga legalpant på eigedomar må denne sendast frå Sveio kommune. 

Vatn / avløp:

Det er frå 01.01.04 innført eit 2-delt årsgebyr, abonnements- og forbruksgebyr for vatn og avløp. Abonnementsgebyret er ein fast del og blir rekna ut frå bruksareal pr. bygning/bustad. Forbruksgebyret er stipulert og dette fell vekk dersom ein installerar vassmålar. Då betalar ein for det faktiske forbruket.

Alle bygg som skal kople seg til kommunalt vatn etter 01.01.2021 skal ha installert vassmålar og tilbakestrømssikring. Vassmålar vert levert ut til ansvarleg røyrleggjar av kommunen.  Kostnad med installasjon skal dekkjast av abonnenten. 

Frå 01.01.2023 vert det vassmålaravlesing 2 gonger pr. år. 

Vassmålaravlesinga for 1. termin 2024 er fakturert på denne terminen du får nå.  

Feiing / tilsyn med fyringsanlegg

Forskrift om brannforebygging (FOR-2015-12-17-1710) stiller krav til feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Røykkanalar i fyringsanlegg som blir nytta til oppvarming av byggverk skal feiast ved behov. Likeins skal det ved behov førast tilsyn med fyringsanlegg som blir nytta til oppvarming av byggverk. Behovet blir vurdert i forhold til kriteria som fyringsmønster, alder og tilstand på fyringsanlegget. Gebyret for feiing og tilsyn er endra gjeldande frå 01.01.2022 etter hyppighet på feiing/tilsyn på den aktuelle bustaden. Gebyrsatsane blir fastsett av kommunestyret etter sjølvkostprinsippet. Gebyret for feiing og tilsyn blir fakturert årleg, fordelt på to terminar, òg for dei åra der det ikkje blir utført feiing eller tilsyn. 

Eventuelle fritak:

Det kan gjevast tidsavgrensa fritak for renovasjon, slamtøming og feiing på heilårsbustad (gjeld ikkje hytter) dersom bustaden blir ståande tom over ein lengre periode. Det blir ikkje gitt fritak for slamtøming dersom det er tømt i søknadsåret.

Det vert som hovedregel ikkje gitt fritak frå vatn og avløpsgebyr. Dersom det skal gjevast fritak for vatn og avløpsgebyr må hovedinntaket plomberast av autorisert røyrleggjar evt. må stikkledning fysisk koplast frå kommunen sin hovedledning.

Vil du søke om fritak, bruk skjemaet Søknad om fritak for kommunale avgifter" innan 31.01 for 1. termin og 31.07 for 2. termin i gjeldande år.

Husk å gi tilbakemelding dersom bustaden blir teke i bruk igjen.