Informasjon om storviltjakt, jaktåret 2022

Jaktåret 2022 (Hjorteviltportalen) 

 

Informasjon til alle valdansvarlege i Sveio kommune.

No har alle valda fått utsendt fellingsløyve for hjort- og rådyr for jaktåret 2022.

Hjorteløyve år 2022;

Etter innspel frå grunneigarar og informasjon om bestandsutviklinga i kommunen har Sveio kommune registrert og vurdert auka fellingsløyve for hjort dette året. Ein har i områder med auka bestand nytta oss av 50% regelen, dvs i praksis har me gått ned på arealkravet med inntil 50%. Minstearealet for jakt i Sveio kommune er 750 daa, ved at ein har nytta 50% regelen, har ein gått ned inntil 375 daa pr. løyve dette året. Dette gjeld for dei valda med tett bestand, i områder der gardbrukarane har større problem med reduserte avlinga på jordbruksareala sine pga beiting av hjortedyr. Kommunen har auka løyva hjå dei valda som har målavretta avskyting for dette jaktåret. Me har såleis forventningar og tru på at det blir eit godt fellingsresultat for år 2022. Samstundes nemner me, det er ved særskilte høve ein nyttar 50% regel. Ein skal ikkje uthola dette regelverket for mykje, dvs ein skal ikkje nytte denne regelen over år t.d. Sveio kommune har forventning av at det blir eit godt fellingsresultat dette jaktåret. I tal er det gjeve 323 løyver for år 2022. For jaktåret 2021 vart det gjeve 291 løyver. For alle vald er løyva såleis auka med 32 dyr. Me har to storvald i kommunen, desse har eigen driftsplan, dei har samla fellingsløyve på 121 dyr. Hjå desse storvalda, kan dei ta med seg inntil 10% av kvoten dei ikkje felte i år 2021, desse vil såleis kunne auke sjølve tildeling i eige vald for året 2022 om dei vurdere å gjere dette. For valda med målavretta avskyting som samla utgjer 202 løyver har ein auka løyva med 32 dyr, desse valda har såleis fått ei auka tildeling på 19% dette året i høve til år 2021. Forvaltninga vurderer at løyva dette året er høge og me ha ei forventing med god jaktutøving med resultat med auka fellingsresultat. Me veit det er ulik bestand i kommunen, med mykje dyr i særskilte områder, i desse områda har me nyttar 50% regelen aktivt. Forvaltninga har forventning at fellingsprosenten bør bli over 70%, dvs at det blir felt fleire enn 226 dyr hjort dette året. Hjå fleire vald med målavretta avskyting har forvaltninga auka fellingsløyve på vaksne hodyr. I Sveio har me mange små vald, det er såleis eit ønskje at ein hadde fått større vald (storvald), i slike store vald ville ein kunna teke meir målavretta avskyting i enkelte områder, og såleis kunne ein forvalta storviltet på ein betre måte.

Rådyrløyve 2022;

For rådyrløyva har me nytta «masseutrekning» dvs totalt areal del på minsteareal hjå alle vald med målavretta avskyting. Storvalda har kvotefri jakt på rådyr, der desse valda styrer uttaket sjølve.

Informasjon frå valda;

Me ber alle valdansvarlege som er dei som kommunen forheld seg til hjå dei ulike valda å gje naudsynt informasjon til jeger/ar og grunneigarar i høve kva tildeling som er gjeve og kven som jaktar. I tillegg gje informasjon om felte dyr til dei ulike jaktrettshavarane. Valdansvarleg skal uoppfordra rapportera inn fellingsresultatet til kommunen seinast innan 10 dagar etter at jakta er avslutta. Dvs seinast innlevering av fellingsresultat til kommunen; 03.01.2023.

Jakttider;

Hjort; 01.09.22- 23.12.22

Vaksen rådyrbukk; 10.08.22 -23.12.2022

Rådyr; 25.09.22-23.12.22 

Digitale kart; Det er utarbeida digitale kart, men desse er diverre ikkje komplette. Truleg får me ikkje desse oppe «og gå», dvs ajourført før til enste år, difor er det viktig at ein nyttar dei karta ein alt har dei ulike valda. Skulle noko vera uklart med karta, grenser mm ber me at de kontaktar kommunen om dette.

Ymse lovverk;

Det kan vera greitt at de set dykk inn i lovverket;

Viltlova

Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst og anna lovverk

 

Skitt jakt!

 

Sveio den 21.07.22

Med helsing Dagfinn F Bjørge