Informasjon vedrørande kommunale fritak – nye eller forlenging

Sveio kommunehus - Klikk for stort bilete Det kan gjevast tidsavgrensa fritak for renovasjon, slamtøming og feiing på heilårsbustad (gjeld ikkje hytter) dersom bustaden blir ståande tom over ein lengre periode(minst ein termin). Ein må søkje i forkant av fritaksperioden. Det kan bli gitt fritak i inntil 2 år. 1. termin er 01.01-30.06, 2.termin er 01.07-31.12.
 

Det blir ikkje gitt fritak for slamtøming dersom det er tømt i søknadsåret.

Det blir som hovedregel ikkje gitt fritak frå vatn og avløpsgebyr. Dersom det skal gjevast fritak for vatn og avløpsgebyr må hovedinntaket plomberast av autorisert røyrleggjar evt. må stikkledning fysisk koplast frå kommunen sin hovedledning.

Vil du søke om fritak - send skriftleg søknad til Sveio kommune v/Servicekontoret, pb. 40, 5559 Sveio eller til postmottak@sveio.kommune.no .

Ein må søkje i forkant av fritaksperioden. Det kan bli gitt fritak i inntil 2 år. 1. termin er 01.01-30.06, 2.termin er 01.07-31.12.

Dei som har fritak som går ut, må også søkje om fritak på ny i forkant av fritaksperioden.
Lenkje til meir informasjon om fritak nedst på denne sida (søknadskjema øvst til høgre)

Husk å gi tilbakemelding dersom bustaden blir teke i bruk igjen.

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 06.05.2019