Innskriving av nye 1.klassingar i grunnskulen skuleåret 2024/2025

No er det snart tid for innskriving av alle som skal byrja i 1.klasse i august 2024. 

Illustrasjonsbilde skulestart - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde skulestart

Skulane nyttar elektronisk utsending av all informasjon og nyttar det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole med tilhøyrande app "Min skole" (foresatt). Denne må foreldre laste ned for kommunikasjon med skulen.

Ved innskriving får foreldre tilsendt eit digitalt skjema frå skulen. Ved å klikke inn på nettsida skole.visma.com/sveio (logg inn med ID-porten) kan de kontrollere at eigen kontaktinformasjon stemmer. Informasjon og brukarmanual får de frå den enkelte skule. 

Frist for utfylling er 15.desember 2023.

På denne nettsida kan du også registrere SFO-plass for barnet ditt (frist 1.april).

Utsett skulestart / framskoten skulestart

Det kan godkjennast utsett skulestart med 1 år etter søknad frå foreldre/føresette. Likeeins er det høve til å søkja om framskoten skulestart dersom barnet fyller 5 år innan 1.april. Avgjerdsle om utsett eller framskoten skulestart skal takast etter sakkunnig vurdering av Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). Søknaden skal sendast til den aktuelle skulen. Søknadsfrist for begge deler er 1.januar.

I følgje Opplæringslova§ 8-1 andre ledd, er det høve til å søkja om skulegang ved ein annan skule enn den eleven soknar til. Rektor ved nærskulen eller skulekontoret vil kunne gi nærare informasjon om saksgang.

Kontaktinformasjon

Dersom du ikkje får informasjon digitalt, ta kontakt med skulen barnet ditt høyrer til.

Sveio skule: 53 74 83 00

Vikse skule: 53 74 83 70

Førde skule: 53 74 83 30

Auklandshamn skule: 53 74 83 60 / 467 65 106

Valestrand oppvekstsenter: 53 74 83 80

Meir informasjon om skulane, SFO-tilbod og prisar for SFO finn du på heimesida til kommunen, under menypunktet barnehage, skule og SFO; Skule - Sveio kommune

Velkommen til Sveioskulen!

Skule- og barnehagekontoret i Sveio kommune