Invitasjon til dialogmøte med frivillige lag og organisasjonar

Illustrasjon av Sveio kommunehus av Susann Haaland Karlsen  - Klikk for stort bileteIllustrasjon av Sveio kommunehus av Susann Haaland Karlsen

Sveio kommune inviterer til dialogmøte i kommunestyresalen 14. september kl. 18.30 - 20.00

Bakgrunn for møtet er ønske om å få innspel på saker, som skal utgreiast denne hausten, på oppdrag frå kommunestyret:

  • Mogleg innføring av lønstilskot til tilsette i frivillige lag og organisasjoner
  • Modeller for finansiering av nybygg, utviding og rehabilitering av bygg og anlegg.

I tillegg blir det kort informasjon om spelemiddelordninga.

Vi ønsker alle hjarteleg velkomne, men kanskje spesielt deg som har verv i eit frivillig lag og/eller organisasjon. Kanskje er det nettopp du, som veit kor «skoen trykker» aller mest og veit kva som skal til for å gjere det frivillige arbeidet lettare som leiar og/eller styremedlem?
Ordførar Linn Therese Erve deltek i møtet.

Tema for dialogmøtet: 

Vilkår for lønstilskot til tilsette i frivillige lag og organisasjonar.

Kommunestyret har gjort vedtak om ei sak der Rådmannen skal gje ei vurdering av, om det er mogleg å innføre ei ordning med kommunalt lønstilskot til tilsette i frivillige lag og organisasjonar. Vi ønsker dialog om korleis ei eventuell ordning bør vere innretta, for å treffe flest mogleg frivillige lag og organisasjonar.

Modellar for finansiering av nybygg, utviding og rehabilitering av bygg og anlegg.

Kommunestyret har gjort vedtak om at Rådmannen skal leggje fram ei sak, om det er mogleg å innføre ei ordning med kommunalt tilskot til frivillige lag og organisasjonar, som ønsker å realisere nybygg, utvide og/eller rehabilitere eksisterande bygg.

Informasjon om spelemiddelordninga

Kort innføring i kva vilkår som gjeld for søknad om tilskot frå spelemidlane til nærmiljøanlegg og ordinære idrettsanlegg inkl. søknadsprosess.

Arr. Sveio kommune, eining for samfunnsutvikling
Kontaktperson: Marit Persen Liknes, rådgjevar kultur og idrett