Invitasjon til dialogmøte om brannsikkerheit i landbruket

Løebrann - Klikk for stort bilete Hjelp! Det brenn! Kva ska me gjer (eller kva skulle me ha gjort…)?
Visste du at det brenn mest i landbruket i oktober og i mars? Visste du at flest brannar i landbruket skjer på natta? Me spør: kvifor er det slik

Haugalandet har dessverre måtte oppleve nok ein landbruksbrann som har medført tap av dyreliv. I løpet av dei siste 2 ½ år har det vore fire slike landbruksbranner i distriktet vårt. Dette gjer oss overrepresentert på nasjonal basis. Har me nokon utfordringar som andre geografiske områder ikkje har?

Me ønskjer å komme i dialog med dokker som veit best kvar skoen trykkjer i arbeidet med brannsikring og beredskapsplanlegging. Dei innspel dokker har til oss vil vere av uvurderlig karakter, og kan hjelpe oss til å bli betre på informasjonsarbeidet retta mot landbruket, og det kan gjere oss enda betre til å utføre innsatser når det først oppstår brann.

Møt opp og ta eit lite tak for brannsikkerheita for våre firbente og bevingede venner! Veldig fint om dokker kan tenkje litt igjennom og diskutere problemstillinga saman med naboar og kollegaer før møtet, slik at me er godt forberedt.

Møtene avholdes følgende steder og tidspunkt. Møt opp der det passer deg best! Sted

Adresse

Dato

klokkeslett

Vats

Vindafjordhallen (Litlesalen)

Tirsdag 29. januar

13:00

Sand

Teknisk / Suldal kommune

Torsdag 31. januar

13:45 !

Aksdal

Tysvær Rådhus

Tirsdag 5. februar

13:00

Ølen

Fatland Ølen

Tirsdag 5. februar

20:00 !

Kopervik

Kopervik Brannstasjon

Onsdag 6. februar

13:00

Det vil bli enkel gjennomgang av dei fire brannane og døme på vanlege (og spesielle) funn på vernerunder og tilsyn som berører brannsikkerheita.

 

Mvh

Haugaland brann og redning iks i samarbeid med DLE, Mattilsynet, Arbeidstilsynet, NLR og lokale Bondelag.

 

Kontaktperson:

Morten Svandal – Informasjonskoordinator – Haugaland brann og redning iks

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 24.01.2019