Klipp hekkar, tre og buskar - trafikktryggleik også ditt ansvar

Illustrasjonsbilde; Trafikktryggleik - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde; Trafikktryggleik

Våren er her og det er tid for beskjæring av buskar, hekkar og tre, som kan vere til hinder for god trafikktryggleik.

 Vi vil minna om beskjæring av buskar, hekkar og tre som:

  • Veks ut i vegen
  • Hindrar tilfredsstillande sikt i utkøyrsler
  • Hindrar tilfredsstillande sikt i offentlege vegkryss

Punkta nemnt over vert omfatta av veglova.

Det er grunneigar sitt ansvar å halda hekk, busker og tre innafor eigne grenser. Sveio kommune kan, med heimel i veglova, beskjera buskar og tre på eigar si rekning.

Tenk òg på naboen dersom du har høge buskar og/eller tre.

Dersom noko er uklart i forhold til reglar, ta kontakt med Sveio offentleg servicekontor - telefon 53748000.

Sveio kommune, drift- og anleggsavdelinga.