Kor kan ein henta hurtigtestar?


Om ein har luftvegssymptom eller er nærkontakt til ein person smitta med covid-19, og har behov for ein hurtigtest, skal ein henta dette utanfor hovudinngangen til testsenteret i Aksdal.

Hurtigtestar/sjølvtestar kan hentast på testsenteret på følgande tidspunkt: 

Måndag–fredag: Kl. 08.0015.00

Laurdag–søndag: Kl. 13.0014.00

Det vil vera mogleg å hente test på kommunehuset i Sveio sentrum om ein har behov, men dette skal berre gjerast etter avtale med testsenter (f.eks. personar som ikkje har høve til å reisa til testsenteret). For å avklara dette, ring testsenteret på 52 75 74 00.

Det er ikkje mogleg å henta test på Sveio kommunehus utan avtale med testsenteret, eller om ein ønsker å ha ein test «på lur». Dette er for å sikra at alle som har reelle behov får gratis test.

***

Generell informasjon om testing finn ein på Tysvær kommune sine nettsider

All koronarelatert informasjon er samla på Sveio kommune si temaside