Korleis skape det beste Vestland?

Fylkesordførerar - Klikk for stort bilete No skal politikarane møte innbyggarar,  kommunar og aktørar i regionane for å få innspel til planstrategien for vårt nye fylke. 

Det viktigaste målet med møtet er at det skal vere ein open post der vi vil ha innspel frå alle som har noko på hjartet, og som vil påverke vegvala for den nye fylkeskommunen sitt arbeid med samfunnsutviklinga, seier fylkesordførarane Anne Gine Hestetun (Hordaland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane), som vil vere til stades på samtlege møte.

Dei stiller på dialogmøta saman med dei andre politikarane frå fellesnemnda sitt arbeidsutval.

Føremålet med møta er å få fram kunnskap og innblikk i utfordringar i heile det nye fylket. Innspela skal inn i eit samla utfordringsdokument for Vestland fylke, som skal liggje til grunn for den nye regionale planstrategien.

Vestland sin regionale planstrategi vil bli heilt sentral for aktivitetane i fylkeskommunen.

Sjå tid og stad for dei fem møta her.

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 06.02.2019