Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre tilhøve som har innverknad for folkehelsa. Deltakarane blir trekte tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. I kommunar med færre enn 2.000 vaksne ibuarar vil alle som ikkje har reservert seg, få invitasjon til å delta. Undersøkinga vil gje Sveio kommune verdifull informasjon om korleis ibuarane har det.
Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Sveio, og for drift og planlegging innanfor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.
Tolv heldige deltakarar blir trekte ut til å vinna universalt gåvekort – to på 2500 kroner og ti på 1000 kroner. Gåvekorta er gyldige i fem år.
For meir informasjon og lenke til undersøkinga, sjå https://vestlandfylke.no/fhus
Kontaktinformasjon:
folkehelse@vlfk.no
tlf.: 51 20 71 50