Koronasmitte påvist ved Vikse skule

Klikk for stort bilete
Koronasmitte er påvist ved Vikse skule. Les meir her.

Ein elev på Vikse skule har testa positivt for covid-19. 

Alle føresette på Vikse skule har fått informasjon om situasjonen og kva dei må gjera. Aktuelle medelevar har blitt kontakta med beskjed om at dei må i karantene. Melding har òg gått til føresette ved dei andre skulane i kommunen. 

Kommunen planlegg for normal drift av skulen frå måndag av. 

Generelt vil kommunen minna om at alle med symptom på infeksjon i luftvegane må ta kontakt med testsenteret i Aksdal på tlf. 52 75 74 00 og avtala tid for testing. Testsenteret har stengd for generelt publikum i morgon, men det er oppretta eit særskild nummer for personar knytt til Vikse skule.

Dei med symptom skal halda seg i karantene til dei har blitt testa og fått testresultatet. Ein må ringa på førehand og avtala time, ein kan ikkje møte opp utan time.

Ved behov for akutt helsehjelp, ta kontakt med din fastlege eller legevakta utanom fastlegen si opningstid. 

Les meir om kva karantene inneber på Folkehelsesinstituttet sine nettsider

Hugs dei generelle smittevernråda! Hald avstand og vask hendene.