Koronatestsenteret blir lagd ned 1. mai

F.o.m. 1. mai 2022 blir det felles testsenteret for Tysvær, Sveio og Bokn i Aksdal lagd ned. 

Kvardagen blir normalisert

Etter to år med pandemi er me no i ein fase kor det er grunn til håp om at me kan halda samfunnet opent og læra oss å leva med koronaviruset utan bruk av inngripande smitteverntiltak.  

Me har høg vaksinasjonsgrad, og mange har gått gjennom infeksjon. Dette betyr at befolkninga i stor grad er beskytta mot alvorleg sjukdom, og det er derfor mindre behov for tiltak for å avgrensa smitte. 

Regjeringa sin langsiktige strategi for å normalisera kvardagen er ein såkalla leve med-strategi

Epidemien i Noreg har nådd smittetoppen og tala er no klart synkande. Den 5.april oppheva regjeringa rådet om å halda seg heime i fire døgn ved påvist covid-19.  Det blir ikkje lenger vurdert som nødvendig å avgrensa smitta med andre anbefalingar enn at sjuke personer held seg heime.

Den generelle anbefalinga om testing for covid-19 ved nyoppståtte luftvegssymptom gjeld ikkje lenger. Råda ved nyoppståtte luftvegssymptom er no å halda seg heime når ein føler seg sjuk, uavhengig av årsak.  

Testsenteret for Tysvær, Sveio og Bokn blir derfor lagd ned frå og med laurdag 1. mai 2022. Koronatelefonen vil heller ikkje vera betent frå dette tidspunktet. 

PCR- og sjølvtesting framover

Testing til koronasertifikat kan frå og med mai gjerast hos private aktører.

PCR-testar blir berre utført på klinisk indikasjon fra 1. mai. Det vil seia at det er lege som rekvirerer test etter ei medisinskfagleg vurdering, på lik linje med andre luftvegsinfeksjonar. Test kan bli tatt på legekontoret dersom det er behov.  

I ein overgangsperiode vil det vera tilgjengelege sjølvtestar for dei i befolkninga som likevel ønsker å testa seg. Rådet ved nyoppståtte luftvegssymptom er dei same uavhengig av testresultat: hald deg heime dersom du føler deg sjuk. 

Sjølvtestar kan hentast i inngangshallen på Sveio kommunehus mellom kl. 08.00–15.30. Du treng ikkje kontakta Servicekontoret, testane står tilgjengeleg i hallen. 

Positive sjølvtestar skal ikkje lenger registrerast.

***

Sjå òg temasida for korona