Koronavaksinasjon i Sveio

Klikk for stort bilete
Arbeidet med vaksinasjon mot covid-19 fortset. 

Sist veke starta Sveio kommune med å vaksinera bebuarar ved Sveio omsorgssenter. Denne veka vil ein òg starta vaksinasjon av innbyggarar over 85 år.

Alle vil bli kontakta pr. telefon, slik at ein treng ikkje sjølv kontakta kommunen.

Vaksinasjon vil skje på dagsenteret ved Sveio omsorgssenter for denne gruppa. For dei som ikkje kan komma seg til dagsenteret, vil det bli gjort individuelle avtalar. Om nokon ikkje tar telefonen, eller ikkje møter til avtal vaksinasjon, har me gode rutinar for å sørga for å komma i kontakt igjen. Er du pårørande til personar over 85 år, er det fint om du kan hjelpa til med å følga med på om nokon frå kommunen har tatt kontakt.

Det er relativt få vaksinedosar som kjem kvar veke, slik at vaksinasjon kjem til å ta tid. Det er altså ikkje nødvendig å ta kontakt for å sjekka om kva tid vaksinasjon vil skje.