Naturvernforbundet si bekymringsmelding
Naturvernforbundet har kontakta bl.a. Statsforvaltaren i Vestland, Mattilsynet og Sveio kommune.
Naturvernforbundet sine brev, og svar frå Statsforvaltaren og Mattilsynet, kan du finna på forbundet sine nettsider: Krabber i Sveio - Hordaland (naturvernforbundet.no)
Kommunen har sendt følgande svar til Naturvernforbundet:
Kan eg eta krabbe frå Ålfjorden?
Ifølge Mattilsynet er det den enkelte sitt ansvar om fisken og anna sjømat som ein fiskar er trygg. Du kan lesa meir om kva Mattilsynet seier om miljøgifter i fisk og anna sjømat her: Unngå fisk og skalldyr fra forurensede havner, fjorder og innsjøer | Mattilsynet
På lenka over har Mattilsynet produsert ei oversikt over forureina hamner, fjordar og innsjøar, og åtvarar om å avgrensa eller unngå visse typar sjømat frå desse områda. Oversikta er basert på eit kartleggingsprogram kor Ålfjorden ikkje har vore inkludert, slik at Mattilsynet ikkje har grunnlag for å vurdera om Ålfjorden skulle vore inkludert eller ikkje.
Det er Mattilsynet som har ansvar for mattryggleik, og det er Statsforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for oppdrettssektoren.
Kommunen var i kontakt med Statsforvaltaren i Vestland i november 2023, etter at kommunen hadde mottatt tre meldingar om situasjonen i Ålfjorden. Statsforvaltaren sitt svar finn du her: Bekymringsmelding – Miljøtilstand – Ålfjorden (PDF, 2 MB)
I sine svar til Naturvernforbundet og kommunen åtvarar verken Mattilsynet eller Statsforvaltaren om å eta krabbe (eller annan sjømat) frå Ålfjorden.
På noverande tidspunkt viser derfor kommunen til informasjonen som er lenka til over. Me er i dialog med Mattilsynet, og saka her vil bli oppdatert når det kjem ny informasjon.
Oppdatert 05.09.2024