Kurs for pårørande til personar med demenssjukdom

Gratis kurstilbod til deg som har ein familiemedlem eller nær venn med demenssjukdom.

Kursinformasjon blir presentert i tekst i saka.  - Klikk for stort bilete

Kurset gir deg kunnskap om ulike sider ved demenssjukdom og du treff andre pårørande i liknande situasjonar.

Eitt kurs går over fire kveldar. Tre timar kvar gong – kl. 18.00–21.00. 

Det blir arrangert to kurs i året; vår og haust. Datoar hausten 2024 er:

  • 23. september
  • 30. september
  • 15. oktober
  • 22. oktober

Samlingane er i undervisningslokala på Bjørgene omsorgssenter, Dikterveien 29 i Haugesund.

Påmelding og spørsmål til USHT ved Olaug Kristin Hindal.​

Kurset er eit samarbeid mellom kommunane Karmøy, Haugesund, Sveio og Tysvær, saman med Nasjonalforeininga for folkehelsa og Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester for Helse Fonna-kommunane (USHT). USHT står som arrangør.