Lekkasje stoppa nord i kommunen – men framleis høgt vassforbruk

Klikk for stort bilete
Lekkasjen nord i kommunen som skapte problem på laurdag og søndag er stoppa.

Men det er framleis svært høgt vassforbruk på nettet i heile Sveio kommune. Det er mykje som tyder på at det er fleire utekraner eller andre installasjonar som er frosne og no står og lek. Me oppfordrar alle til å sjå gjennom sitt private anlegg i hus og hytter.

Har du informasjon eller det er noke du lurer på, ring VA-vakttelefon 915 38 730.