Frå tysdag 23. februar 2021 vil det vera nokon lettar i nasjonale vedtak og anbefalingar om smittevern. På grunn av det pågåande utbrotet i Haugesund ønsker kommunane Haugesund, Karmøy, Sveio, Tysvær, Bokn, Utsira og Vindafjord at me som region utset arrangement og private samankomstar på offentleg stad som samlar fleire enn ti – 10 – personar innandørs.
Lokale anbefalingar for 23. februar–1. mars. 2021 blir som følger:
- Arrangement og private samankomstar innandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil ti – 10 – personar.
- Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 50 personar.
- Arrangement innandørs med inntil 100 personar i fastmonterte sete er tillate.
Dette betyr at den nasjonale letten om inntil 100 personar på «tilviste plassar» ikkje gjeld for vår region fram til 1. mars 2021.
Med helsing
rådmenn og kommunedirektørar
Sigurd Eikje, Tysvær kommune
Vibeke Vikse Johnsen, Karmøy kommune
Bjørn K. Aadnesen, Utsira kommune
Ingeborg Skjølingstad, Bokn kommune
Jostein Førre, Sveio kommune
Yngve Bergesen, Vindafjord kommune
Ole Bernt Thorbjørnsen, Haugesund kommune