Menn søkast!

Seks kommunar på Haugalandet og i Sunnhordland er med i eit nasjonalt rekrutteringsprogram kor arbeidssøkande menn mellom 25–55 år får tilbod om eit komprimert og føreseieleg utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Informasjon om kurset

Nytt kull skal no starta opp og me søker etter nye menn som er mann nok til å visa omsorg og til å ta ei utfordring!  For informasjon oppfordrar me til å sjå eit digitalt informasjonsmøte.

Tilgang til det digitale informasjonsmøtet får ein ved å kontakta sin NAV-rettleiar. Ein finn òg denne informasjonen ved å søka "Menn i helse" i kurskalenderen hos NAV. Scroll deg ned til Menn i helse nord Rogaland. Menn i helse Sunnhordland samarbeider med Rogaland. Det digitale informasjonsmøtet kan ein følga frem til 3. februar. 

På informasjonsmøta blir det orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. I februar og mars vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12 vekers rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp frem mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann? Grip moglegheita! Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips han om Menn i helse!

Les meir om Menn i helse her.