Namnekonkurranse! Har du eit namn til den nye dagsturhytta vår?

Dagsturhytta på golfbanen Per Bjørn Habbestad  Dagsturhytte nr 2 i Sveio er på plass og blir etter planen opna i slutten av oktober. I utforming er den lik første dagsurhytta vi fekk, Nipaståvo, som opna i vår. Den nye hytta er plassert i Sveio golfpark langs turveg og er lett tilgjengeleg for alle. Tilkomst til hytta har universell utforming.

Dagsturhyttene er unike ved at dei er opne for alle, 24 timar i døgeret, heile året gjennom. Hyttene er utstyrt med vedomn, sitjebenker inne og ute, hems, solcellepanel og eit lite nynorsk barnebibliotek.

Her kan du sitje ute å nyte matpakka di om veret er fint eller søkje ly og fyre i omnen inne om det regnar og er surt ute.

MEN OGSÅ DENNE NYE HYTTA TRENG EIT KLINGANDE FINT NAMN!

Har du eit slikt namn på lur? Send det inn fortast mogleg og innan 1. oktober 2021 til postmottak@sveio.kommune.no eller skriv forslaga inn under utlysinga av konkurransen på kommunen si facebookside.

Tre namneforslag vi meiner er dei beste blir publiserte på facebooksida til kommunen, slik at alle kan vere med på å stemme fram det endelege namnevalet!

Kanskje vankar det premie til vinnaren?

Beste helsing,

Ordførar Linn Therese Erve, prosjektleiar SGP Per Bjørn Habbestad og Marit Persen Liknes, rådgjevar