Nipaståvo er offisielt opna!

Klikk for stort bileteJohannes Lie og Marit Liknes heldt bandet mens ordførar Linn Therese Erve offisielt opna Nipaståvo. 
I dag har me opna Nipaståvo for bruk! 

Opninga blei markert med ein mindre gjeng, med ordførar, rådmann, prosjektleiar Marit Liknes, Sigbjørn Framnæs frå fylkeskommunen, Bernt Plassgård frå Norsk Tipping, grunneigar og fleire som har vore med på dugnad. 

Nipaståvo er alle sveibuar si hytte. Dagsturhytta er eit fantastisk prosjekt som eg håpar vil gi turglede til mange i alle aldrar. Her kan du raste, nyte nista di og ei flott utsikt. Tusen takk til Vestland fylkeskommune og resten av sponsorane som har gjort Dagsturhytta mogleg. Tusen takk til Auklandshamn bygdalag for ein enormt god jobb med dugnad med bygging av terrasseplatting og montering av utedo. Tusen takk til Auklandshamn idrettslag for skilting opp til Nipaståvo,» sa ordførar Linn Therese Erve.

Gratulera med ny hytte til alle sveibuar!