No kan du søka om tilskot til tilpassing av bustad – Søknadsfrist 24. mars

Tilskot til tilpassing av bustad skal medverka til at eldre og personar med nedsett funksjonsevne kan bli buande heime ved å tilpassa bustaden sin.

Det kan søkast om støtte til enkle tiltak, som for eksempel å fjerna tersklar for å betra tilkomsten til bustaden, men òg til større ombyggingar for å legga til rette bustaden for brukaren sin funksjonsevne. 

Det er avgrensa med tilskotsmidlar, så me kan ikkje garantera at alle søknadar blir innvilga, og ei heller at innvilga søknadar blir tildelt den fulle sum ein søker om. Familiar med barn med nedsett funksjonsevne vil bli høgt prioritert.

Søkarar blir økonomisk behovsprøvd. Dei med låg inntekt og/eller formue og stort behov for tilpassing skal prioriterast. Kommunen gjer ei heilskapleg vurdering av husstanden sin økonomiske situasjon på sikt, som òg inkluderer tida etter at eit eventuelt tilpassingstiltak er gjennomført.

Søknad må vera kommunen i hende seinast i løpet av søndag 24. mars 2024.

Søknadsskjema

Det er mogleg å søka elektronisk via dette skjemaet: Søknadsskjema (elektronisk) 

Du kan òg fylla ut søknad for hand. Bruk i så fall dette skjemaet: Søknadsskjema

Skanna søknadsskjema med vedlegg kan sendast på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller skjemaet med vedlegg kan leverast på Servicekontoret på kommunehuset mellom kl. 08.30–13.00. Du kan òg senda skjema med vedlegg pr. post: 

Sveio kommune
Postboks 40
5559 Sveio

Sender du søknad pr. post er det tilstrekkeleg at brevet er poststempla innan søknadsfristen.