Økonomiplan 2017-2020 til alminneleg ettersyn

Kommunehuset redusert.jpg - Klikk for stort bilete

Sveio kommune legg ut sak vedkomande økonomiplan 2017-2020 til alminneleg ettersyn før handsaming i kommunestyret 12.12.2016.

Budsjett (drift og investering) 2017-2020 - rådmannen sitt forslag (PDF, 5 MB)

FOR - 139/16: ØKONOMIPLAN 2017-2020

Formannskapet si tilråding til kommunestyret:

Sveio Arbeiderparti og Sveio Fremskrittsparti sitt forslag til vedtak i sak 139/16 - ØKONOMIPLAN 2017-2020:

  1. Framlegg til økonomiplan 2017 - 2020 slik det går fram av vedlegg 1 til budsjettvedtaket vert vedteke med endringar som lagt inn under punkt 2,3, 4 og 6.
  2. Framlegg til investeringsbudsjett for 2017 - 2020, slik det går fram av investeringsbudsjettet (vedlegg 1 til budsjettvedtaket), vert vedteke med endringane lista under.

Endring:

 
Investering: 2017 2018 2019
Kortholdsbane   2 160 000    
Lysløype del 2   1 000 000    
Badeanlegg 30 000 000    
Vareheis/tilrettelegging Ryvarden      150 000    
Etablering av akt.omr. Sveio sentrum      200 000    
Traktor - blir flytta til 2019    - 600 000         0   600 000
Tak Førde skule - blir flytta til 2019  -1 000 000         0 1 000 000
       
  31 910 000         0 1 600 000
       
       
Inndekning investering      
Økt låneopptak 29 750 000          0   1 600 000
Tomtefond   2 160 000          0  

 

Merknad til «34275 TRAFIKKSIKRING»: Kr 500.000,-prioriteres i 2017 til fortsatt satsing på veglys.

3. Framlegg til inntektsrammer, renter og avdrag, avsetjingar og overføringar til investeringsbudsjett for      2017 slik det går fram av budsjettskjema 1a vert vedteke med endringane under

Endring:

Reduksjon i eiendomsskatt og styrking av den sosiale profilen innføres en årlig økning av bunnfradraget med kr 200.000,- fra og med 2017. Forventa reduksjon i årlig inntekt blir kr 1.200.000,- Statleg tilskot til kommunespykolog gir forventa aukning av årleg inntekt med kr 300.000,-

4. Framlegg til netto driftsrammer for driftsbudsjettet for 2017 slik det går fram av budsjettskjema 1b side 48, vert vedteke med endringane lista under. Resultatet av gjennomførte løns-forhandlingar i 2017 kan innarbeidast i rammene til rammeområda ved omfordeling frå rådmannen si ramme for avsett tilleggsløyving.
 

Endringar:

 
Driftsbudsjett    
Tilsette kommunepsykolog (100%)     1,2 MNOK
Tilsette ergoterapeut  (50%)     0,3 MNOK
Årleg auke av bunnfradrag i eigedomsskatt med kr.200 000    
Forventa reduksjon i årleg inntekt blir 1,2 MNOK
Tidsavgrensa hjelp 1:1 situasjon SOS. Skal takast ut ved behov 1,0 MNOK
     
Inndekning drift:    
Nav med flyktning -1,5 MNOK
Helse + 1,7 MNOK vert endra til 0,7 MNOK, dette frigir -1,0 MNOK
Flyktning oppvekst / skule -2,05 MNOK

Forventa innsparing gjennom varige forbetringsaktiviteter (lineær og sektorvis)

-5,0 MNOK
Slå saman administrasjonar på skular og barnehage:
- Førde skule overtar administrasjonen for Valestrand og Auklandshamn
- Førde barnehage overtar administrasjonen for Valestrand barnehage
-1,2 MNOK
Statleg tilskot til kommunepsykolog gir forventa auke av årleg innekt med 0,3 MNOK
Overskytande midlar blir overført til disposisjonsfond    

 

5. Skattevedtak: Kommunalt inntektsskatteøyre i samsvar med Stortinget sitt vedtak om maksimalsats. Eigedomskatt –jf. eiga sak om eigedomskatt.
 

6. Kommunestyret godkjenner låneramme på inntil kr 89 620 000 til investeringsformål. Låneramma skal dekka investeringsprosjekta som vert vedtekne i budsjett 2017. Ved inngåing av rammeavtalar der innkjøp krev finansiell leasing, vil kommunestyret få framlagt eiga sak.
 

7. Kommunestyret godkjenner i tillegg ei låneramme på kr 3 000 000 til vidare utlån, Startlån.
 

8. Låneopptaket og signering av lånepapir vert delegert til rådmannen. Løyvingar for vedtekne prosjekt (investeringar) som ikkje er fullført ved årsskiftet 2016/2017, vert overført til 2017 avgrensa til dei beløp som er nødvendige for å fullføra prosjekta.
 

9. Kommunestyret vedtar låneporteføljen til Sveio kommune (vedlegg 3). Alle lån i porteføljen kan refinansierast i inneverande år og i budsjettåret 2017. Rådmannen står fritt til å betale budsjetterte avdrag på dei lån han finn formålstenleg, uavhengig av opphavleg vedtak.
 

10. Kommunestyret vedtek å ha ei driftskredittramme på kr 20   000 000.
 

11. Kommunale avgifter og gebyr vert auka i tråd med handsama sak om kommunale avgifter. Avgifter og gebyr i Sveio kommune skal som hovudregel følgje prinsippet om sjølvkost. Syner her til eiga sak om kommunale avgifter.

12. Ordføraren si godtgjersle for 2017 vert sett til 90 % av stortingsrepresentantane si godtgjersle og i samsvar med KOM sak 78/07.

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 09.12.2016