Ope for besøk ved SOS, men smittevernrestriksjonar til over sommaren

Klikk for stort bilete

Dersom du ønsker å besøka omsorgssenteret må du ringa og avtala tidspunkt på førehand.

Med bakgrunn i sentrale føringar frå Helsedirektoratet, har Sveio kommune opna for tilrettelagde besøk for pårørande til pasientar ved Sveio omsorgssenter (SOS). Besøka vil kunne skje ute, på besøksrom eller på pasientrom etter individuell vurdering.   

Pårørande må ringa på førehand og avtala tid og oppmøtestad på tlf. 901 90 206 i kontortid. Retningslinjer for smittevernrutinar må overhaldast under besøket. Pårørande vil få aktuell praktisk informasjon når besøket blir avtala. Det vil vera ein besøksvert som vil tilrettelegga besøka.

Kvar pasient kan maksimalt ta i mot 1–2 besøkande ved kvart besøk, og besøket kan vara inntil 30 minutt.

Besøkande med luftvegssymptom dei siste 14 dagane eller bekrefta covid-19, samt dei som er definert som nærkontakt for smitta, kan framleis ikkje komma på besøk.

Det vil bli ført besøkslogg over alle som kjem på besøk med omsyn til smittesporing. Ved oppmjuking av moglegheiter for besøk, kan ein komma i ein situasjon kor førekomst av smitte aukar. Ytterlege smitteverntiltak kan då inntre på kort varsel.

Det vil kunne vere aktuelt å opne for ordinære besøk, men tidligst etter sommaren.