Ope informasjonsmøte om fylkestilhøyrsle – Lenke til direktesending


Torsdag 21. oktober klokka 19.00 blir det ope informasjonsmøte om fylkestilhøyrsle i kommunestyresalen.

Representantar frå Telemarksforsking vil presentera rapporten sin og svara på spørsmål. Det er både mogleg å senda inn spørsmål på førehand til postmottak@sveio.kommune.no og stilla spørsmål i sjølve møtet.

Lenke til rapporten frå Telemarksforsking finn du her: Rapport om framtidig fylkestilhøyrsle for Sveio kommune (PDF, 8 MB)

Informasjonsmøtet blir strøyma direkte på nett, og opptaket blir tilgjengeleg i etterkant: Direktestrøyming