Oppdatering om smittesituasjonen ved Vikse skule

Klikk for stort bilete
Sidan det blei påvist koronasmitte hos ein elev ved Vikse skule onsdag 20. mai, har 46 personar blitt testa for covid-19. Alle testresultata er klare, og alle saman er negative. Ingen av dei testa har altså fått påvist koronasmitte.  

Smittesituasjonen er likevel ikkje heilt avklart, då det framleis er nokon personar med symptom som skal testast dei kommande dagane.

Alle elevar med symptom som går på det trinnet kor eleven med positiv prøve høyrer til, har eller skal bli testa, og ein har òg hatt låg terskel for å testa andre personar frå Vikse krins.

Vikse skule vil som planlagd halda ope på måndag.

Avslutningsvis vil kommunen igjen minna alle på å halda seg heime dersom ein har luftvegssymptom, og oppmodar alle med slike symptom om å kontakta testsenteret i Aksdal for å avklara behov og bestilla time for testing. Testsenteret kan kontaktast på tlf. 52 75 74 00 på kvardagar kl. 08.30–15.00.

Kommunen vil fortsetta å oppdatera om situasjonen.