Oppdatert informasjon om jodtablettar ved atomulukker

Jodtabletter - Klikk for stort bilete

 

Helsedirektoratet, Statens legemiddelverk og Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) har no kome med oppdatert informasjon om bruk av jodtablettar ved atomulukker.

 

Jodtablettar er eit beskyttande tiltak som er aktuelt ved atomulukker med utslepp av radioaktivt jod. Radioaktivt jod kan verte spreidd via lufta og takast opp i skjoldbrukskjertelen frå ureina luft og/eller mat og drikke. Tablettane blokkerer opptaket av radioaktivt jod i skjoldbrukskjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i han. Alle under 40 år, gravide, ammande og dei med heimebuande born bør ha jodtablettar heime, men dei skal berre takast etter råd frå styresmaktene. Ved ei atomulukke vil slike råd verte gitt gjennom media, relevante styresmakter og www.dsa.no.

 

Sveio kommune gjer merksam på at vi har eit lager med jodtablettar som kan distribuerast til gravide, ammande og barn opp til 18 år. Ved behov vil kommunen gjennom m.a. heimesida, Facebooksida og media informera om kor desse skal leverast ut.

 

For meir informasjon sjå https://www.dsa.no/temaartikler/94416/jodtabletter-ved-atomulykker

 

Informasjon om jodtablettar på engelsk er å finna i ein av linkane og for andre språk gå inn på https://www.dsa.no/temaartikler/94416/jodtabletter-ved-atomulykker

Updated information in English, regarding taking iodine tablets in the event of a nuclear accident can be found in one of the links next to this message. For more languages check out https://www.dsa.no/temaartikler/94416/jodtabletter-ved-atomulykker

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 29.05.2019