Ordinasjon i Sveio – Ordføraren si helsing

Gruppebilete av deltakarane ved ordinasjonen - Klikk for stort bileteOrdinasjon av prest Runar Larsen Eva Førde

Søndag 18. juni blei Runar Larsen ordinert til prest i Sveio kyrkje. Larsen er frå Sveio kommune og har fått prestestilling på Stord. I samband med ordinasjonen hadde biskop Ragnhild Jepsen sitt første besøk i kommunen etter at ho blei utnemnd.

Her følger ordførar Linn Therese Erve si helsing til ordinanten, som blei gitt under kyrkjekaffien på soknehuset i etterkant av gudstenesta:

Kjære biskop, prost, ordinant.

Kjære alle saman.

Sveio har ei sterk historie til kyrkja, med urgamle spor av eit samfunn som var gjennomsyra av folkereligiøsitet. Bedehusbevegelsen har stått sterkt. Ein av våre store misjonsprestar Arne Valen, far til Fartein Valen, er eit godt eksempel på vår historie. For komponisten Fartein Valen var hans sterke tru ein stor inspirasjon til hans verk.

Derfor er det ein stor dag når me i dag har ein presteordinasjon i Sveio, heile 30 år sidan sist. Det er ekstra kjekt at det er ein sveibu som i dag er blitt vigsla til prest. Det var ei flott, høgtideleg og rørande prestevigsling å få vera vitne til.

Kyrkja er framleis veldig viktig for Sveio-samfunnet. Me har ein aktiv frivilligsentral som blir drifta av Kirkens Bymisjon, me har mange sveibuar som driv frivillig arbeid kvart år i regi av kyrkja, og Sveiokyrkja skapar gode møteplassar for innbyggarane – særleg barn og unge. Soknehuset er sentral i dette arbeidet, med Gjenbruksløa som ein bidragsytar.

Sjølv i eit pluralistisk samfunn som me har i dag, er verdival viktigare enn nokosinne.

Kjære ordinant,

du har tatt dine verdival, som har blitt til ditt yrkesval. Sveio kommune er stolte av deg og ønsker deg lukke til med arbeidet. Det er godt å ha deg i Sunnhordland. Sveiokyrkja er heldig som har hatt deg i barne- og ungdomsåra. No er det Stord som er heldige.

Dette er ein stor dag for deg, kyrkja og for Sveio.

Til lukke med dagen!

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete