Pærebrannsmitte funne på mispel i Sveio kommune – Førde

Klikk for stort bileteIll.bilde pærebrann Mattilsynet Dette er ein frykta plantesjukdom som angrip pære, eple og ei rekkje andre planter i rosefamilien. Sjukdomen kom til Noreg i 1986 og den har breidd seg til ulike kommunar. I år blei det funne pærebrann på frukttreproduksjon i Ryfylke og det ein fryktar er at smitten skal spreia seg til fruktdistrikta.

Det er ein lite kjekk situasjon f.t. For at den skal formeira seg må det vera høg temperatur i bløminga. Tilfellet i Sveio er at mispelen har blømt på nytt no på ettersommaren pga det varme været.

Skulle de ha mistanke om pærebrann, er eigar forplikta til omgåande å melda frå til Mattilsynet om kjennskap, eller mistanke om angrep av pærebrann. Angripne planter må fjernast.

Meir informasjon finn de på Mattilsynet si heimeside mattilsynet.no eller telefon 22 40 00 00