Rapport om framtidig fylkestilhøyrsle for Sveio kommune

Fylkesvåpen Rogaland fylkeskommune og Vestland fylkeskommune 

Sveio formannskap vedtok i møtet 6. september å leggja Telemarksforsking sin rapport om framtidig fylkestilhøyrsle for Sveio kommune ut til offentleg høyring.

Fristen for å gje høyringsuttale er sett til 1. desember 2021. Høyringsuttaler kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no eller til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio.

Lenke til rapporten frå Telemarksforsking finn du her: Rapport om framtidig fylkestilhøyrsle for Sveio kommune  (PDF, 8 MB)