Registrering i vaksinekø

Klikk for stort bilete
Sveio kommune har sendt ut brev til alle innbyggarar mellom 18 og 74 år, med oppmoding om å registrera seg i vaksinekø. Dei som allereie har registrert seg i vaksinekø, treng ikkje registrera seg på nytt.

I påskeveka vil kommunen så smått starta opp med å vaksinera personar i prioriteringsgruppe 4 (alder 65–74 år og personar mellom 18 og 64 år med underliggande sjukdommar / tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp).