Registrering til vaksinekø

Klikk for stort bilete
Sveio kommune oppmodar alle innbyggarar mellom 18 og 74 år (født i 1946 eller seinare) om å registrera seg i vaksinekø.

Etter registrering i vaksinekø vil du bli kontakta per SMS for timebestilling.

All vaksinasjon skjer på Soknehuset i Sveio sentrum til oppsett time.   

Trykk her for registrering i vaksinekø

Sveio kommune er allereie i gong med å vaksinera personar over 75 år. Dei vil bli kontakta per telefon og treng ikkje registrera seg i vaksinekø.   

Spesielt om dei mellom 16–17 år

Det opnast òg opp for at ungdom mellom 16–17 år med høg risiko for alvorleg sjukdom registrerer seg i vaksinekø. Det gjeld ungdom i denne aldersgruppa med alvorlege og komplekse nevrologiske sjukdommar eller medfødde syndrom. I tillegg blir ungdom med sjukdommar og tilstandar med særleg høg risiko vurdert individuelt, jf. Norsk barnelegeforenings liste

Treng du hjelp med å registrera deg?

Då kan du ringa 948 84 650 måndag–fredag mellom kl. 09.00–11.00.

Meir informasjon

Meir informasjon om vaksinasjonsprogrammet i Sveio finn du på temasida om vaksinen.