Rex Garden og Ryvarden på topp i TellTur 2023  i Sveio

Ein nedgang til trass, i årets Telltursesong vart dei 11 utvalde turmåla våre besøkt til saman 6439 gonger. Turane er gått av 1290 ulike turgåarar.

Rex Garden - Klikk for stort bileteRex Garden Ellen Tveit

Rex Garden er det mest besøkte turmålet, med 1 037 innsjekkingar, med Ryvarden på andreplass med 1 003 innsjekkingar.

TellTur er friluftsråda sitt program for turregistrering og omfattar turmål med varierande vanskegrad i dei kommunane Friluftsrådet Vest dekkjer. Denn høge deltakinga gjer TellTur til eit viktig folkehelsetiltak i regionen. 

I tillegg til Friluftsrådet Vest sin eigen premiering har Sveio kommune har trekt ut tre vinnarar blant dei som har registrert seg i den lokale konkurransen i år. 

Blant dei 69 som gjekk alle dei 11 turane er det trekt ut ein vinnar som får ein gåve i sølv frå kommunen. Gratulera til Andreas Kvale! Blant alle dei andre deltakarane er det trekt ut to vinnarar som også får kvar sin gåve i sølv frå kommunen; Torgeir Nesse og Anette Askeland. Gratulera til dei og. Vinnarane er kontakta.

Me gler oss allereie til neste års TELLtur sesong. Og imedan -  God tur !