Rovdyrpremie på rev og mink - ny ordning for utbetaling

Klikk for stort bileteSveio kommune blir det gjeve rovdyrpremie (skotpremie) på rev og mink. For rev utgjer skotpremien kr. 350,- for vaksne dyr. For vaksen mink er det kr. 100,- I tillegg har Sveio sau og geit gjeve inntil kr. 200,- i tilskott for rev. Det er årsmøtet deira som evt. set av midlar.  Me minner også på fredningstida for alt vilt.

For å få utbetalt rovdyrpremie, må ein levere rev / mink til Leitevegen 16 (brannstasjonen) på følgjande datoar:

  • Første måndag i februar, kl.13.30 - 15.30
  • Første måndag i april, kl. 13.30 - 15.30
  • Første måndag i september, kl. 13.30 - 15.30
  • Første måndag i desember, kl. 13.30 - 15.30

Dagfinn Bjørge v/plan- og næringsavdelinga vil vere på brannstasjonen desse dagane.