Samfunnsutvikling sin bygdeturne

Illustrasjon av dagsturhytte - Klikk for stort bileteIllustrasjon av dagsturhytte

Sveio kommune har oppretta ei ny eining for Samfunnsutvikling. I samband med dette ynskjer den nye eininga å kome ut i bygdene og i kontakt med innbyggjarane i kommunen.

På desse dialogmøta ynskjer me å høyre korleis de tenkjer me kan arbeide saman for ei god samfunnsutvikling i Sveio kommune!

Me startar no i vår med besøk til Vikse, Lid, Auklandshamn og Bua, og held fram til hausten med Valestrand, Førde og Sveio.

Sjå datoar under for kva tidspunkt me besøkjer dei første bygdene:

08.05.2023:

Vikse kl.18.00 på Vikse skule

Lid kl.19.30 på Lid Grendahus

24.05.2023:

Auklandshamn kl.18.00 på Auklandshamn skule

Bua kl.19.30 på Bua skulehus

Dersom de har spørsmål kan desse rettast til einingsleiar for Samfunnsutvikling Bente Marie Johansen på n på e-post: Bente.Marie.Johansen@sveio.kommune.no