Situasjonen i Ukraina – Oppdatert info om jodtablettar

Frå ordførar sitt møte med Sveio sin polske vennskapskommune.
Sveio kommune ser på situasjonen i Ukraina med bekymring. 

Samlingsplass

Det bur i dag 79 personar frå Ukraina i Sunnhordland, og ordførarane i sunnhordlandskommunane ønsker å legga til rette for ein regional samlingsplass for desse. Vår nabokommune Stord stiller Hagerupshuset i Leirvik sentrum til disposisjon for dette på ettermiddagane. Norsk folkehjelp bidrar med organisering og tilrettelegging.  

Møte med polsk vennskapskommune

Ordførar Linn Therese Erve og andre representantar frå Sveio hadde torsdag morgon eit nettmøte med Sveio kommune sin polske vennskapskommune Wisznice. Wisznice ligg like ved grensa til Ukraina, og tar no imot mange ukrainske flyktningar, som får mat og ein plass å sova før dei drar vidare. Wisznice deltar òg i arbeidet med å frakta nødvendig utstyr og medisinar frå Polen til Ukraina.

Ordførar Erve fortel at det var godt å snakka med representantane frå Wisznice og høyra korleis situasjonen er, og visa vår omtanke.

Lite sannsynleg at det blir behov for å ta jodtablettar

Mange lurer på om dei på grunn av krigen i Ukraina bør skaffa seg jodtablettar, og om det kan bli nødvendig å ta slike tablettar her i Noreg.

Sveio kommune har eit lager av jodtablettar til å dekka eit eventuelt behov for barn og unge under 18 år, gravide og ammande. 

Det er Kriseutvalet for atomberedskap som avgjer om det skal delast ut jodtablettar. Sveio kommune set ikkje slik utdeling i verk sjølv.

Dersom me skulle få ein situasjon der kriseutvalet gir råd om å ta jodtablettar, vil rådet gjelda for:

  • barn og unge under 18 år
  • gravide
  • ammande

Ei eventuell utdeling av jodtablettar vil skje på skular (til elevar og barnehagebarn) og på kommunehuset (til gravide/ammande). 

Ved svært alvorlege ulukker kan òg andre vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Meir informasjon om dette finst på Statsforvaltaran i Vestland sine nettsider.

Om atomberedskapen i Noreg

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA) har god informasjon om atomberedskapen i Noreg på sine nettsider

  • Nasjonalt: Kriseutvalet for atomberedskap har ansvar for, og fullmakt til, å setta i verk tiltak for å redusera konsekvensane etter ei atomulukke.
  • Regionalt: Statsforvaltaren skal sørga for koordinering av informasjon og krisehandtering i fylka, og bidra til å setta i verk samordna tiltak regionalt og lokalt.
  • Lokalt: Kommunane skal ha oppdaterte beredskapsplanar for atomberedskap.

Sveio kommune har ein beredskapsplan for atomhendingar som er utarbeidd etter eit plangrunnlag frå Statsforvaltaren og Statens strålevern.

Planen inneheld ein del tiltak som kan settast i verk dersom sentrale myndigheiter gir melding om det. Kommunen får meldingar frå kriseutvalet via Statsforvaltaren, og vårt ansvar her lokalt er å vareta innbyggarane og i størst mogleg grad oppretthalda normal drift.

Varslingssystem

Sveio kommune kan varsla alle innbyggarane i kommunen via SMS.

***

Artikkelen er oppdatert 7. mars 2022 med informasjon om utdelingsstad for jodtablettar.