Skulane kan bli opna etter påske

Klikk for stort bilete
Kommunane på Haugalandet, inkludert Sveio, planlegg for å kunna opna skulane for undervisning på raudt nivå over påske dersom den lokale smittesituasjonen gjer dette mogleg.

Kommunane vil følga smittesituasjonen gjennom påsken, og vil gjera ei ny vurdering påskeaftan 3. april.

Dersom det blir opna for undervisning på raudt nivå, vil skulane bruka 6. april til å klargjera for dette nivået, og det vil derfor bli heimeundervisning denne dagen.

Barnehagane fortset på raudt nivå i påskeveka og i veka etter påske. SFO fortset som no til og med 6. april.