Smitteverntiltak dei kommande to vekene

Klikk for stort bilete
Sveio kommune vil med dette informera om nasjonale og lokale smitteverntiltak som gjeld dei neste 14 dagane.

Nasjonale smitteverntiltak

Regjeringa har innført fleire nasjonale smitteverntiltak som gjeld frå og med i dag, måndag 4. januar, og t.o.m. 18. januar, samt at det blir minna om eksisterande tiltak. Nytt er bl.a. anbefaling om å ikkje ha gjester dei neste to vekene, samt at alle som har moglegheit til det nyttar seg av heimekontor. Les meir på regjeringa sine nettsider.

Lokale smitteverntiltak

Pr. i dag er det ikkje registrert nokon smitta blant innbyggarane i Sveio kommune, men det finst fleire nærkontaktar til smitta personar i våre nabokommunar. Kommunen vurderer det derfor slik førebels at ein i hovudsak held seg til dei nasjonale smitteverntiltaka.

Dette inneber bl.a. delvis bruk av heimeskule på ungdomstrinnet og vaksenopplæringa. Ungdomstrinnet har i hovudsak heimeundervisning måndag 4. januar, mens ein i dagane framover vil ha alternerande dagar med heimeundervisining. Elevar og føresette vil få nærmare informasjon om dette. Elles vil det dei neste 14 dagane vera stengt for fellesaktiviteter på kulturskulen, men elevar som får individuell opplæring vil få nærmare informasjon om korleis denne vil bli gjennomført. Biblioteket held førebels ope som normalt. Vigdartun er ikkje stengd, men eventuelle treningsaktivitetar må gjennomførast i tråd med nasjonale reglar og retningslinjer.

Besøk ved omsorgssenteret vil fortsetta i tråd med allereie etablerte rutinar, men me vil be om at besøkande vurderer i kva grad det er nødvendig med besøk fram til 18. januar.

Besøk på kommunehuset

Kommunehuset er førebels ope for besøk, men det vil bli vurdert å redusera opningstidene. Dette kjem det nærmare informasjon om seinare. Me oppmodar uansett alle til å ta kontakt via telefon eller e-post, og berre møta fysisk dersom det er nødvendig. Dersom ein opplever symptom på koronasmitte skal ein halda seg heime.

Symptom og testing

Kommunen minner om at covid-19 kan gi svært lette symptom hos enkelte. Ha derfor låg terskel for å testa deg ved symptom, og hald deg deretter heime til prøvesvaret er klart.

Alle som er busett i Sveio og er over 12 år, kan gjera timeavtale via nettet. Dei som ikkje er innbyggarar i kommunen, eller under 12 år, må fortsatt ringa telefonnummer er 52 75 74 00. Dette gjelder òg dei som ikkje har biltransport sjølv, og andre som ønsker å bestilla via telefon.

For meir informasjon, sjå Sveio kommune si samleside for koronarelatert info.

Kommunen oppmodar alle til å hugsa på smitteverntiltaka: Hald avstand, vask hendene og hald deg heime med minste teikn på luftvegssymptom.