Søknad om fritak for kommunale gebyr – nye søknadar eller forlenging av fritak

Klikk for stort bilete Ida Kristin Vollum Det kan gjevast tidsavgrensa fritak for renovasjon, slamtømming og feiing på heilårsbustad (gjeld ikkje hytter) dersom bustaden blir ståande tom over ein lengre periode (minst ein termin). 

Ein må søkje i forkant av fritaksperioden.

Søknadsfrist for 2. termin 2021: 31.07.2021.

Det blir ikkje gitt fritak for slamtømming, dersom det er tømt i søknadsåret.

Det blir som hovudregel ikkje gitt fritak frå vatn og avløpsgebyr. Dersom det skal gjevast fritak for vatn og avløpsgebyr må hovudinntaket plomberast av autorisert røyrleggjar, ev. må stikkleidning fysisk koplast frå kommunen sin hovudleidning.

Skal du søke om fritak må du fylle ut digitalt søknadsskjema eller sende inn søknad på papir.
Digitalt skjema:  Søknad om fritak for kommunale avgifter - Sveio kommune
Papirskjema: Søknad om fritak for kommunale avgifter (pdf)
Papirskjema skal sendast til Sveio kommune v/Servicekontoret, pb. 40, 5559 Sveio eller til postmottak@sveio.kommune.no.   

Det kan bli gitt fritak i inntil 2 år. 1. termin er 01.01.–30.06., 2. termin er 01.07.–31.12.

Dei som har fritak som går ut, må søkje om fritak på ny i forkant av fritaksperioden.

Husk å gi tilbakemelding dersom bustaden blir teke i bruk igjen.