Søknad om kommunal skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

Ill.bilde skulevegFrist for å søke om kommunal skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg for neste skuleår er 15.februar 2022.

Kommunen har vedtaksmynde ved skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg når avstand til skulen er under 2 km for elevar på 1.trinn og under 4 km for elevar på 2. – 10.trinn. Elles er det Fylkeskommunen som er ansvarleg for skuleskyss og har vedtaksmynde.

Elektronisk søknadsskjema for kommunal skyss finn du her.